Dykking, evaluering, søknad til neste destinasjon og karaoke:)

Hei hei igjen:)

Så er eg innom her en liten tur og skriver noken ord til dokke der heime :)
Har ikkje skjedd so altfor altfor masse sia sist, men litt.
Fekk endeleg skoa mine som eg fekk skjønne siri til å kjøpe og sende te meg:)..desverre blei skoa skada i transporten, så får sjå kor lenge dei helde.. men takk til deg Siri for at du tok deg bryet med å kjøpe dei :)

Elles so har eg faktisk testa ut mine skills på dykking.. tok berre 4 forsøk før eg faktisk kom meg ned uten å få panikk.. skikkeleg ekkelt når ein ikkje er vandt til slikt og da skal puste under vann... men eg kom meg ned og det var ganske fascinerende:) ein heil straum med fiska rundt oss:) Og når vi ikkje var under vann, så var vi over vann på båtdekket der vi naut sola:) var en skikkeleg fin tur, sjøl om alle var kjempetrøtte og slitne etterpå.. kjende det var tungt å gå på jobb seinare på dagen då ja.. men gjekk bra :)

Eg har også no hatt halvvegsevaluering med min servicesjef, og ho sa masse bra te meg:) eg er flink og fekk bl.a. 4+ av 5 på fleksibilitet og omtanke:) so det var veldig bra:) det går rette vegen og kjem te å gjere det bra resten av sesongen. Under denne evalueringa skreiv vi og søknad til neste destinasjon, vintersesongen:)
valga falt på Tenerife og Patong. Vil tilbake til Mexico, men tar Tenerife først slik at eg kan lære meg spansk igjen der :)

Elles so går dagane slik som alltid.. masse jobb og stranda dei dagane ein har fri. og eg e fortsatt på oljen, så blir alltid brun. men ha fått meg aloe vera gel no so da blir det bra :)
På sist fridag så hadde eg, Madde og Silje en kjempedag:) låg på stranda der vi steikte oss, fekk massasje, gratiskonsert på frisørsalongen vår og karaoke på kvelden. Det var så syykt morsomt å vere på Red Lion og synge. Masse engelsk menn som prøver å utdanke oss flotte jentene fra norge. As if dei klarte det da..:P
Det var konkurranse og vi var bestemt på å vinne. Og vi vant;) ein Fishbole... det var masse søtt alkoholholdig drikke der ja... men fy fan for ein bra kveld:) Dette vart vi enige om at vi sku gjere fleire gonga:)

I kveld skal vi ein tur te Alanya på konsert med Rasmus Seebach. En danske som visstnok er litt flink:P glede meg til å sjå:)

Elles så er dei fleste postkort sendt og forhåpentligvis kjem dei i postkassa om ikkje so altfor lenge;)

til neste gang vi sees.. Rock on;)

klem <3



steking pågår;)



Lunsjpause på fridagen:)



Karaokekvelden vår:) Madde og Silje:)



The Fishbole som vi vant etter MANGE sanga;)



Enda en partykveld med Taurus-jentene:)



Meg og mine flotte kolleger:) eller jaffal dei som hadde fri den dagen:)

Som dokke ser so storkose eg meg, og eg anbefala alle å kome til Tyrkia:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

theresesita

theresesita

23, Hornindal

ei blid jente som likar alt og alle rundt seg:) skal snart ut i Ving's verden og jobbe for dei. Dette gleder eg meg veldig masse til:)

Kategorier

Arkiv

hits